BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Om Potetfestivalen

Potetfestivalen på Jæren har tradisjonar heilt tilbake til 1998 då handelsforeninga på Bryne, med Olav Ausdal i leiinga, sette i gang denne festivalen med potet som tema.

Etter som åra har gått har Potetfestivalen utvikla seg til å bli ein stor festival for marknad, handel og eit utstillingsvindu for alt som skjer på Jæren innan kultur og næringsliv.

Vi ventar besøk tett opp mot Jærdagsnivå med utstillarar i heile Bryne.
Potetfestivalen har etterkvart mange tradisjonar som har kome for å bli: Nasjonal Gråtassparade, badeand-race, VM i greiphiving, komletelt, og sal av poteter i bøtte osv. og festivalen utviklar seg stadig med nye attraksjonar og aktivitetar.

Sjå heile programmet her www.potetfestival.no

Velkommen til Potetfestivalen på Jæren, festivalen for heile familien

Med helsing
Christian Stabel