Også i år er det "bacalaofest" på Kjøkkenet. Retten bacalao består av klippfisk, potet, løk, olivenolje, tomatpuré og hermetisert paprika.
Bakalao er på norsk ein klippfiskrett med opphav i Portugal. Tradisjonen fortel at den blei introdusert i Kristiansund av fiskeoppkjøparar frå Baskerland i Spania på byrjinga av 1800-tallet. Ordet bacalao på spansk og portugisisk (bacalhau) betyr rett og slett torsk, og fersk, usalta torsk omtalast som bacalhau fresco. Bacalao er i den latinske verda eit mykje meir omfattande begrep enn på norsk, og kan oversettast som ein klippfiskrett.